23121
post-template-default,single,single-post,postid-23121,single-format-standard,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1.7,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.5,vc_responsive
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

5 spørsmål som bedrifter og merkevarer bør stille seg når ein planlegg bilder til bruk på nett og sosiale medier

At det er viktig for bedrifter og merkevarer å ta seg godt ut på nett og i sosiale medier er det vel ingen som helst tvil om i dagens nettbaserte samfunn. Har du ei nettside eller er du kanskje i planeleggingsfasen? I så tilfelle ønsker du sikkert at så mange som mulig skal oppdage sida di og at besøkeren skal bli der lenge nok til å ønske å kjøpe dine produkt eller tenester!

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Det visuelle førsteinntrykket på nett er superviktig for å skape tillit og dermed mulighet for salg. Det er fleire visuelle element som må vere på plass for å skape god identitet og heilskap rundt merkevara di. Desse bør vere godt planlagt og nøye gjennomtenkt og dei må jobbe saman for å skape eit heilskapleg og godt visuelt inntrykk, og desse elementa er:

 

Webdesign, logo, fargar, fontar (skrift-type) og sjølvsagt foto.

 

 

90% av informasjonen

 hjernen tar i mot er visuell og

menneske oppfattar visuelle element

 60 000 gonger raskare enn tekst.

 

 

I dette blogginnlegget tek eg føre meg det siste punktet, nemlig foto. Kva må du tenke på når du planlegg bilder til bruk på nett og i sosiale medier? God førebuing er nøkkelen til suksess!

 

Det kan ofte vere litt vanskeleg å vite kor ein skal begynne og kva ein bør ta tak i når ein skal planlegge bilder til bruk på nett og sosiale medier.  Bildene skal representere bedrifta di på ein måte som styrker og understrekar merkevara sin identitet og personlighet. Eg har derfor laga ein liten oversikt med 5 spørsmål du bør stille deg når du og bedrifta di skal planlegge bilder.

 

 

         1. Kva er bedrifta sitt ”Kvifor”?


 

Kva var det som gjorde at du (eller andre) starta denne bedrifta i utgangspunktet? Det er mange kvardagslige oppgaver i ei bedrift, men ikkje gløym kva som var lidenskapen bak merkevara di.  Kvifor starta og driv du og dine kollege denne bedrifta? Kva var det som motiverte deg (eller eigaren) til å starte opp den gong bedrifta var ny? Kva er det som får deg og dine kolleger til å stå opp å gå på jobb kvar dag?

 

Det kan vere gleda over å hjelpe andre, det å skape noko, lidenskap til faget, det å møte mennesker – og så vidare.  Kanskje det høyres banalt og litt enkelt ut, men når ein verkeleg begynner å tenke gjennom dette kan det faktisk virke litt uklårt og vanskeleg å få tak i for mange.

 

Men eg lovar deg at når du først er blitt klar over kva som er hovudmotivasjonen for menneskene bak bedrifta vil det gi deg klarhet og hjelpe deg mykje i prosessen med å finne dei rette motiva for di bedrift.

 

 

 

         2. Kven er dine kundar?


 

Det er viktig at bildene treff ditt publikum. En god måte å tenke på når du skal ta bilder til nettside og sosiale medier er å ta på dine kundar sine sko og kjenne etter kor den trykker. Ein stor del av det å fortelje gode historiar er å vite kven som er ditt publikum. Du må forstå dei menneskene  som du vil skal være interessert i produktene dine – det er jo desse du velger bilder for og du må aldri undervurdere krafta i bildene som kommuniserer med kundane dine.

 

Er du ei bedrift som sel produkt av norsk lokalprodusert eple, har kunden din mest sannsynleg stor sans for kvalitet, kortreist mat, lokal tilhørighet og det vesle ekstra og det vil vere særs viktig å kommunisere kvalitet og eksklusivitet gjennom bildene.

 

 

 

         3. Kva er det overordna målet med bildene du skal ta?


 

Kva ønsker du å oppnå ved å bruke bilder? Ønsker du at bildene skal  få fram ditt særpreg og det som skil bedrifta frå dine konkurrentar? Då er det er viktig å tenke gjennom kva for menneske du ønsker å tiltrekke deg og kva for ein bodskap du ønsker at bedrifta skal formidle. Bildene må bli kobla til ditt varemerke og symbolisere verdiane i bedrifta di på eig god måte.

 

 

 

         4. Kva følelsar vil du formidle?


 

Val av uttrykk og stil vil vere ulikt frå bedrift til bedrift fordi alle har sin personlighet og sine unike produkt.  Poenget er at bildene må få fram den følelsen du vil bedrifta di skal kommunisere. På den måten skaper du tillit til merkevara di, noko som er superviktig for at kundane dine skal ønske å kjøpe dine produkt og tenester.

 

Folk kjøper nemlig ikkje bare produktet ditt, men også det du får dei til å føle. Som mennesker elskar me å knytte band, me ønsker å bli sett og høyrt og føle at nokon forstår oss. Kommunikasjon og tillit er ein grunnleggjande del av vår natur.

 

Er det god stemning i bildene – ein stemning som ditt publikum kan kjenne seg igjen i vekkes det nysjerrighet og interesse.  Me ønsker å kjøpe frå mennesker me har tillit til og kjenner oss igjen i. Visste du at me faktisk veldig ofte kjøper med hjarta vårt?  Gir produktet oss ein god følelse, gjerne ein følelse av eksklusivitet og stil – då kjøper me ein følelse som gir oss meir enn produktet i seg sjølv.

 

Er du eplebonden som produserer eigen eplemost på garden din ønsker du sikkert å formidle følelsen av autentisitet, av det ekte, det reine og genuine. Kanskje gode barndomsminner straumer på for nokon når ein ser bilder frå eplehaustinga.

 

 

 

         5. Kva for bildehistoriar skill seg ut og gjer deg meir unik enn dine konkurrentar?


 

Korleis skal ditt bildespråk sjå ut? Korleis skil historia di seg frå dine konkurrentar? Korleis skal du få fram ditt særpreg og det som skil bedrifta frå dine andre i same bransje?

 

Stemning, følelse, bodskap, redigering, fargar, kundehistoriar, ”behind the scenes”, kundefordeler og så vidare . Bodskapen din må vere ekte, tydeleg og orginal og den må tiltale og gå ”rett heim” hos målgruppa di.

 

Eksempler frå eplebonden kan vere innhausting, foredling, flaske-etikettar,produktet i sitt rette miljø, kvardagen på garden, kundehistoriar og så vidare. Lista er ofte laaang når ein bare begynner å leite litt.

 

 


 

 

Det er viktig å planlegge godt for å utnytte krafta i visuell kommunikasjon på nett og du har mykje igjen for å legge litt omtanke bak det du visuelt kommuniserer på sida di, på sosiale medier eller på trykk.

 

God visuell kommunikasjon krever kvalitetsmessig gode bilder, godt lys og innhold som er verdt å sjå på. Eit godt råd er at både følelsar, stemning og mennesker må med i ei god visuell fortelling. Det visuelle må sammenfalle med bodskapen din for å skape interesse og holde på oppmerksomheten.

 

Eg likar å beskrive nettsida som nåtidas utstillingsvindauga.  Du treng faktisk ikkje gå så langt tilbake i tid før folk brukte butikkvindauga på same måte som me i dag brukar internett. Folk studerte utstillingane i butikken og skaffa seg på den måten informasjon om kva stemning, følelse og produkt butikken kunne tilby – og slik er det nok fortsatt for dei fleste fysiske butikkar. Men visste du at i dag er ein potensiell kunde faktisk i kontakt med deg og di merkevare mellom 7-15 gonger før han kjøper dine produkt eller tenester? Og det som regel på nett eller via sosiale medier.

 

Det betyr bare at det er superviktig at at det visuelle treff ditt publikum og at det blir kjærleik ved første blikk for den som besøker deg. Sida di må vere oversiktleg og lett å navigere i og foto og resten av det visuelle må kommunisere merkevara sin personlighet på ein klar og tydeleg måte.

 

Førsteinntrykket er bare så utrulig viktig for at ein potensiell kunde skal få lyst å komme tilbake til sida di for å lære meir om det du og di bedrift står for. Dette betyr at du må vere konsekvent i valg av visuelle element.

 

 

Håpar du synes dette var nyttig.

 

– Kjersti

 

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

DU VIL KANSKJE LIKE DESSE OGSÅ?

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
No Comments

Post a Comment

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.