23596
post-template-default,single,single-post,postid-23596,single-format-standard,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1.7,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.5,vc_responsive
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

6 hemmelegheitar du bør vite om kvifor Visuell Historiefortelling slår fortelling med tekst

Å bruke bilder er å fortelle historiar.

 

Mennesker har fortalt historiar til alle tider.  Heilt frå me sat rundt leirbålet i steinalderen har me brukt historiar til både å underhalde og undervise kvarandre. Gode historiar gjer inntrykk på oss og blir hugsa. Historiar kan bli fortalt på mange måtar;  munnleg, skriftleg, som teikning, som symbol, som film, som bilde,  og så vidare. Mykje av dette er Visuell Historiefortelling, men  det eg skal snakke om i dette innlegget er Historiefortelling med bilder (foto).

 

Du skal snart få vite kvifor Visuell Historiefortelling på mange områder verkeleg slår fortelling med tekst rett ned i støvlane. Men la oss først avklare kva visuell historiefortelling eigentleg er.

 

«46,1 % seier at

Websida sitt design er det

fremste kriteriet for å bedømme

bedrifta si truverd»

Kva er definisjonen på Visuell Historiefortelling?

 


 

VISUELL = kva som angår synet. (Kilde) 

 

HISTORIE = fakta + følelser (altså stemning)

 

FORTELLING =   ei fortelling kan være ei kort eller lengre historie om noko som har skjedd eller bare fri dikting. Føremålet kan være å fortelle, underhalde, fantasere, bevege eller påvirke. (Kilde)

 

VISUELL HISTORIEFORTELLING = VISUELL + HISTORIE + FORTELJING

 

Altså; skal du fortelle historiar om bedrifta di med bilder, bør du fortelle noko som er sant  samtidig som du formidlar ein følelse som gir sjåaren din stemninga du er ute etter. Det er difor viktig å tenke gjennom kva følelsar du ynskjer å oppnå gjennom bildene du nyttar.

 

Det kan kanskje virke litt vanskelig å vite korleis du skal bruke bilder på nettsidene dine når du ikkje har særleg erfaring med fotografering eller korleis du skal bruke bilder.

 

Men det å ha tenkt litt gjennom kva du vil formidle med bildene dine kan være lurt. Kva er det overordna målet med bildene du skal ta? Eit godt tips er at både fakta, følelsar og mennesker bør med i god visuell historiefortelling. God visuell kommunikasjon krever også kvalitetsmessig gode bilder,  godt lys og innhald som er verdt å sjå på. God planlegging er nøkkelen !

 

«Fang ditt publikum med bilder

som fortell og berører»

 

 

 

 

Så til poenget. Kvifor Visuell Historiefortelling slår fortelling med tekst på nettsida di?


 

 

Målet med å nytte bilder i kommunikasjonen er alltid å komme i kontakt med sitt rette publikum, noko som Visuell Historiefortelling er overlegen tekstleg fortelling fordi:

 

 

1Me oppfattar bilder raskt. Visuelt innhald vert oppfatta mykje raskare enn tekst, hjernen oppfattar bilder opp til 60 000 gonger raskare enn tekst.

 

2. Me hugsar bilder lengre. Me hugsar visuelt innhald lengre. Les du ein tekst vil du hugse 10% om 3 dagar. Legg du til eit bilde vil du hugse 65%

(Kilde)

 

3. Eit bilde seier meir enn tusen ord. Visuelt innhald formidlar bodskap og gir detaljert informasjon på ein måte som tekst ikkje kan oppnå

 

4. Bilder skapar identitet. Visuell kommunikasjon er viktig for å skape identitet og å skille seg ut i jungelen av andre merkevarer. Me lever i ei visuell verd og kommuniserer meir enn nokon gong gjennom bilder – smarte bedrifter veit å utnytte krafta i visuell historiefortelling. Det er viktig å bli huska for sin autentisitet og sitt særpreg. Det å vise noko nytt og annleis, gjerne noko me ikkje har sett før gjer di bedrift unik.

 

5. Bilder skapar interesse og engasjement. Greier du å skape ei stemning triggar du også følelsar,  triggar du følelsar hugsar me også bodskapen betre. Så enkelt !

 

6. Du held besøkaren din på sida di lengre. Ved å legge bilder til  på nettsidene kjem dine besøkande til å bli værende lengre på sida di enn om du har mykje tekst eller dårlege bilder. Gode bilder skapar historiar som berører publikum. NB! Husk å ha gode bilder på alle undersider slik at ein potensiell kunde har lyst å utforske alle sidene dine !

 

 

 

 

«40% av menneskene responderer»

bedre på bilder enn på tekst

 

 

 

 

Det meste er lov og det er bare kreativiteten som stoppar kva uttrykk du kan nytte deg av. Tilbyr du for eksempel eit produkt med design inspirert av norske tradisjonar ynskjer du kanskje å skape eit nordisk uttrykk i bildene dine – eit uttrykk som set produktene inn i den rette konteksten. Sel du moderne design kan eit godt verkemiddel for å skape stemning kanskje være å overraske og å skape kontrast.

 

Eg byggjer mine Visuelle Historiar opp rundt fire tema: Styla bilder, Symbolske bilder, Ansatte bilder og Fortellende bilder. Sjå gjerne meir her om du vil. 

 

Men det er absolutt ikkje nødvendig å ha med alle teamane for å fortelle gode historiar. Eit sterkt bilde kan stå åleine og fortelle ei god historie eller du kan nytte ein serie av bilder for å fortelle historiar om produkene dine – it`s all up to you !

 

Eg vil meir enn gjerne høyre frå deg, så om du har spørsmål send meg ein epost til post@istoria.no eller bruk skjema mitt her for kontakt og uforpliktande informasjon. Eg hjelper deg gjerne med å fortelle di bedrift si historie i bilder.

 

 

 

 

– Kjersti

Kanskje du vil like desse også?

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
No Comments

Post a Comment

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.