24201
post-template-default,single,single-post,postid-24201,single-format-standard,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1.7,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.5,vc_responsive
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Korleis fortelle 2 ulike bedrifter sine 2 ulike historiar

Er du usikker på om det er mulig å fortelle akkurat di bedrift si historie i bilder?

Kanskje du ikkje selger eit produkt, men du har ei bedrift som selger tenester – og så tenker du kanskje at det ikkje er mogleg å få fram gode og kreative bilder som formidlar bodskapen din?  Eg har gode nyheter til deg! Det er faktisk heilt realistisk og fullt mulig å skape spennande bilder for di bedrift sjølv om du tilbyr tenester og ikkje selger eit eller fleire ulike produkt.

 

I dette innlegget skal eg vise deg kva som er mulig å få til og bruke to høgst ulike bedrifter som selger høgst ulike «produkt» som eksempel.  Under ser du to bilete som er frå to bedrifter.  Den eine bedrifta er AskelandNH som tilbyr naprapati-behandling og innehavar Jorun hjelper og motiverer sine kundar mot eit liv i balanse. Ho er oppteken av heilskapen i og rundt oss mennesker, at alt heng saman og påvirkar liva våre.

 

Den andre bedrifta er Arctic Coffee, eit lokalt mikrobrenneri som er inspirert av den nordiske naturen og den norske folkesjela til å lage gode smaksaugneblink med kvalitetskaffe, blant anna for salg i sin nettbutikk.

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

La oss starte med Jorun som eig og driv sin eigen naprapat klinikk. 

Jorun jobbar ut frå at det er viktig med balanse i livet, det inneber mange ting – og sjølvsagt er sunn mat ein stor og viktig del her.  Difor kom me fram til at det å skape nokre innbydande matbilder var ein god ide. Under ser du ein del av det me kom fram til.

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Å bruke symbolikk i bilder for bedrifter som tilbyr tenester (og ikkje fysiske produkt)

Hender er eit av naprapaten sine viktigaste verktøy så me bestemte oss for å skape bilder med hendene i fokus.  Det å få fram ei stemning som symboliserer RO og BALANSE var viktig i dette prosjektet og me fekk dette fram gjennom naturbildene du ser under og heilt konkret gjennom bildet med ORD som matcher Jorun sine tankar om livet og grunninnstillinga ho har i sin praksis.

 

Besøk gjerne Jorun sine sider og sjå korleis ho har brukt bildene, både på nettsider og i blogg.

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Arctic Coffee hadde behov for produktbilder som skapar stemning i nettbutikken. 

Dei har brukt bildene på ein super måte og det er vel verdt ein tur innom for å sjå korleis bildene blir brukt. Dei har sine eigne produktbilete, men nyttar kreative bilder i heading og vidare nedover på hovudsida og på undersidene sine.  Under ser du produktbilder som likevel ikkje er «reine» produktbilder.  Det vil sei at produktene er satt inn i ein samanheng som gir litt meir «Storytelling» til produktet, som fortel litt meir av historia dei ønsker å fortelle om di bedrift.  Dette gir assosiasjonar som skapar stemning og gjer bildene personlege og unike og KUN for Arctic Coffee sine produkt.

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Sesong og årstid

Arctic coffee er flinke å skifte ut bilder i nettbutikken etter sesong og årstid og ønska seg også sesong relaterte foto – under ser du bilder som er inspirert av både jul og sommar.  Ta gjerne turen innom Arctic Coffee her for å sjå kor bra dei nyttar bildene sine.

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Kunstnerisk uttrykk

Til slutt ser du to bilder der tanken bak var ei «personifisering» av den mørke og mystiske kaffesorten «REBELL». I det første biletet ønska me å gi kaffen eit KUNSTNERISK uttrykk for å understreke dei uventa og spennande smakane som kaffen har.

 

Det nederste biletet er også laga for «Rebell». Og med navnet som inspirasjon skapte me uttrykket i bildet som tydeleg seier: MØRK, MYSTISK og «REBELSK»

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Det er alltid mulig å få fram den rette stemninga for DI bedrift

Som du ser er det ALLTID mulig å få fram ei stemning som kan sei noko om bedrifta di, om produktene dine eller om tenestene dine. Ta deg gjerne ein tur innom nettsidene til begge desse to favorittane mine og sjå korleis dei nyttar bildene sine. AskelandNH her og Arctic Coffee her.

 

Ofte veit ikkje du som min kunde kva uttrykk du er ute etter når du tek kontakt med meg.  Men gjennom prosessen me skapar og dialogen me har under vegs blir du bevisstgjort kva uttrykk du er ute etter. Eg kjem med hjelp og innspel heile vegen – men det er faktisk du som eigentleg bestemmer kva stemning og uttrykk du til slutt vil ha i bildene dine.

Sit du fortsatt og tvilar på at det er mogleg å skape di bedrift si VISUELLE HISTORIE?  Send meg ein mail så ringer eg deg gjerne tilbake for ein uforpliktande samtale om bedrifta di.

 

Det er lett å sitte der å tenke på det å skaffe seg bilder til bruk i markedsføringa si, men det er også ganske lett å utsette det – særleg når du ikkje heilt ser for deg korleis resultatet kan bli. Og kanskje du faktisk heller ikkje har kunnskap nok om kor stor kraft Visuell Historiefortelling har? I så tilfelle kan du lese meir om dette tema her.

 

Den gode nyheten er at du her og nå endeleg kan få realisert draumen du har om å skaffe deg gode og personlege bilder. Eg hjelper deg med glede og stor iver gjennom prosessen og du engasjerer deg, kjem med innspel og kommentarar undervegs. Eg lovar – det er KJEMPEGØY  både for deg og for meg (som også lærer noko nytt for kvar gong!)

KANSKJE DU VIL LIKE DESSE OGSÅ?

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
No Comments

Post a Comment

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.