24951
post-template-default,single,single-post,postid-24951,single-format-standard,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.2,vc_responsive
Foto for din bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Ny og forenkla arbeidsprosess

Samarbeidsprosessen eg har hatt med mine kundar har egentlig  fungert bra. Både med tanke på sjølve prosesen og på sluttresultatet. Kunden har alltid fått sine unike og personlege bilder – sine Visuelle Historiar som dei har satt personlige preg på i tett samarbeid med meg.

 

Men det har likevel vært rom for utvikling og forbetring. Etter å ha gjort meg ein del erfaringar og prøvd ulike verktøy, har prosessen nå blitt enkla, bedre og meir effektiv.

Kva er så endra og kvifor har eg endra det?

 

 

 

Kva er endra?


 

 

Prosessen har som du forstår endra seg og i dette innlegget tenkte eg å fortelle deg litt om kva som er endra og kvifor eg har endra på den.  Den «gamle» samarbeidsprosessen inneheldt ei felles og lukka tavle på Pinterest, eit felles arbeidsområde i Asana – kor all kommunikasjon føregjekk og til slutt oversending av ferdige bilder til nedlasting gjennom Wetransfer.  Men den siste tida har eg sett at denne prosessen kan gjerast både enklare og raskare, noko som er til det bedre for både meg og mine kundar. Pinterest er eit fantastisk vertøy og er absolutt fortsatt med, men den største endringen er at eg har kutta ut Asana som samarbeidsplattform og at eg har korta ned på tida slik at det blir ein meir effektiv prosess for begge partar.

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Eg har aldri drive bedrift før så det har vært ei bratt læringskurve for meg siste året. Fram til her eg er i dag har eg gjort meg mange erfaringar, lært både av mine feil og mine suksesser. Slik er det å drive bedrift, du får både oppturar og nokre nedturar – og der du begynte er ikkje der du endar til slutt. Det er ein levande prosess som aldri tek slutt.  Men det er jo det eg likar med å drive for meg sjølv, det er jo gøy å utvikle produkt som eg trives med og som mine kundar har stor nytte av.

Foto for din bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Kort fortalt ser den nye samarbeidsprosessen min slik ut nå:

 

  1. Eg ringer deg eller me avtaler eit fysisk møte på ca 30-60 minutt for å klargjere dine mål og visjonar, dine fargar og stil, dine verdiar og kva du vil formidle og oppnå med bildene dine
  2. eg set saman eit moodboard som eg sender deg på mail for godkjenning av uttrykk
  3. me underteiknar ein kontrakt som spesifiserer prosjektet, kva eg skal gjer, kva som forventes av deg, når det skal ferdigstilles, osv.
  4. 1-2 dagar med fotografering
  5. eg gjennomgår alle bildene
  6. og lastar dei opp til mitt nye online webgalleri for ditt gjennomsyn og kor du klikkar «liker» på dine favorittar
  7. redigering av dine favorittar
  8. som du til slutt lastar ned gjennom det same webgalleriet

 

 

Kjapt, effektivt og veldig brukarvenleg

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

Kvifor har eg endra prosessen?


 

 

Eg har sett at prosessen har krevd litt av mine kundar. Dei har måtta sette seg inn i korleis Asana fungerer og lært seg dette online programmet. Asana er eigentleg ikkje er så vanskeleg – men for å være heilt ærleg med deg….me har vel alle nok å henge fingrane i når me driv eiga bedrift!!  Det å lære seg nye verktøy er krevjande for oss alle så eg slår eit slag for at det enkle ofte er det beste !

 

Denne modellen har også gjort at prosessen har dratt ut i tid. Sannsynlegvis fordi kundane mine er som meg – opptatt med ein haug av andre oppgåver i bedrifta si og i livet ellers.  Det å lære seg eit nytt program og i tillegg inn å ta stilling til uttrykk og kva ein vil formidle tek både tid og energi.

 

Fordelane med den nye og forenkla prossesen er fleire.

 

  • Det avklarer tidsperspektivet på førehand og gjer at begge partar veit kva som skal skje, når det skal skje og kor tid prosjektet skal være ferdigstilt.
  • Det effektiviserer og komprimerer prosessen fordi me lagar ein god plan som me jobbar godt med dei dagane me begge har satt av.
  • Det er enklare å være «på» over ein kortare periode enn når den går over veldig laaaang tid – som det faktisk har gjort ein del gonger.
  • Du får bildene dine kjapt og eg får effektivisert min arbeidsflyt slik at eg også kan fokusere på andre oppgåver  – som å produsere gode freebees, e-bok og godt innhald på bloggen min som du forhåpentligvis kan ha nytte og glede av i di bedrift.

 

 

 

Har du spørsmål eller bare har lyst å vite litt meir om prosessen og produktene mine? Ta gjerne kontakt med meg på post@istoria.no for uforpliktande informasjon.

 

 

 

Har du lenge lurt på om bilder betyr noko frå eller til for salget i di bedrift?

Og om det har noko føre seg å bruke tid og penger på dette?

 

 

Sjekk gjerne ut bloggen min – kanskje du finn nokre inspirerende innlegg?

 

Eller last ned min Gratis Guide til Visuell Historiefortelling her

 

– Kjersti

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier

KANSKJE DU VIL LIKE DESSE OGSÅ?

Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
Foto og Visuelle Historiar for di bedrift til bruk i promotering på nettsider og i sosiale medier
No Comments

Post a Comment

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.