22974
page-template-default,page,page-id-22974,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1.5,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.3,vc_responsive

Om Kjersti og ISTORIA.

Varmt velkommen til ISTORIA – takk for at nettopp du er her.

ISTORIA er gresk og betyr ”fortelling” eller ”historie”

 

Mitt navn er Kjersti Lunde Kambe og eg er ein engasjert og sjølvlært fotograf som

elskar arbeidet mitt og som har stor lidenskap for foto og historiefortelling.

Eg bur i Sandeid, ei lita bygd i Nord Rogaland,5 mil aust for Haugesund.

Om du bur på ein annan kant av landet er eit samarbeid likevel fint mogleg.

 

 

Eg nyttar ofte Pinterest til å hente inspirasjon til bildene eg tek.

Dersom du har profil her samarbeidar me gjennom ei lukka tavle og lagrar bilder som me brukar som utgangspunkt for prosjektet.

Me snakkar saman på telefon (eller møtes om du bur i nærleiken) om kva uttrykk du ynskjer deg og kva følelsar du ynskjer å formidle gjennom bildene dine.

Etter det lagar eg eit Moodboard som eg sender deg på mail for godkjenning og innspel før eg begynner prosessen med å fotografere. Les gjerne meir om prosessen her.

 

 

Eg er også interessert i korleis me gjennom målretta arbeid kan fortelle vår bedrift si historie og dermed nå vårt ideelle publikum.

Dette er tema i bloggen min som du kan lese her.

 

 

Eg er utdanna vernepleiar og har over 20 års erfaring i å jobbe med mennesker som har behov for individuelt tilrettelagte tenester.

I 2016 etablerte eg eit lite føretak for å drive med portrett-fotografering som ei lita hobbybedrift ved sida av fast jobb. Men våren 2017 tok eg mot til meg og sa opp jobben og dermed tryggleiken som kjem med fast inntekt.

 

Eg tok også ei avgjersle om å gå i ei litt anna retning enn portrett, og nå hjelper eg bedrifter med kreative bilder og Visuelle Historiar til bruk i fortellinga om dei sjølv.

 

Du er velkommen til å ta kontakt med meg om du ynskjer mine tenester eller om du har spørsmål som eg kan svare på.

 

telefon 97 63 63 81 eller på epost post@istoria.no

Eller bruk mitt kontaktskjema her