25958
portfolio_page-template-default,single,single-portfolio_page,postid-25958,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1.7,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.5,vc_responsive

ÅKRAFJORDTUNET

I dette prosjektet har eg fått lov å djupdykke ned i lange mat-tradisjonar i Åkrafjorden og å skape Visuelle Historiar for bakeriet ved Åkrafjordtunet.  Motiva i prosjektet er godt gjennomtenkt og følelsane me ønska å få fram hos den som ser er blant anna ro, tryggleik, samhald, harmoni, nærleik, venskap og varme.

 

I Åkrafjorden finn du også den vakre «Langfoss» som av CNN er kåra til ein av verdas 10 vakraste fossefall.  Gjennom vundauga kan Aud Berit og John Karsten sjå rett på denne vakre fossen mens dei nyt Norlandslesfer og Potetkake ved kjøkkenbordet.

 

Aud Berit er bakar i Åkrafjordtunet sitt eige bakeri og står for baksten som sjølvsagt er laga for hand og på den autentiske og gamle måten.  Lokalt handverk, kunnskap og ekte kjærleik er ingrediensene når gamle og tradisjonsrike oppskrifter vert holdt i hevd.  John Karsten er dagleg leiar og har ein finger med i det aller meste som skjer i Åkrafjorden (og det er ikkje så reint lite).

 

Åkrafjordtunet har i 20 år vært ein naturleg stoppestad langs E134 mellom Haugesund og Oslo.  Den som stoppar her får eit møte med vestlandsk mattradisjon, omkransa av rå og vakker natur.  Åkrafjorden har lange tradisjonar for prosuksjon og sal av mat og dette speglar seg også i kvaliteten på bakevarene laga ved Åkrafjorden Bakeri.