25874
portfolio_page-template-default,single,single-portfolio_page,postid-25874,stockholm-core-1.0.3,select-theme-ver-5.1.5,ajax_fade,page_not_loaded,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.3,vc_responsive

RIDDERHUS

Heldige meg!  For eit prosjekt, og for nokre flotte historiar å få lov på fordjupe meg i og visualisere gjennom kamera mitt !!

 

Eg har aldri møtt sølvsmed Marie Ridderhus » in real life».  Me har kun snakka på telefonen ein gong og resten av kommunikasjonen har me hatt via mail. Gjennom Pinterest har me fått inspirasjon til stil og uttrykk og Marie har fått sett gjennom alle bildene i mitt praktiske webgalleri kor ho også har valgt seg ut dei bildene ho ønska seg.  Veldig enkelt og svært lettvindt for oss begge, som er travle på kvar vår kant av landet.  Gjennom eit tett samarbeid har me greidd visualisere tre av smykke-kolleksjonane hennes og under ser du resultatet.

 

 

 

«Nøkken»

 

Handlar om ei ung kvinne blir trukket mot tjernet i skogen. Ho er nysgjerrig på  vatnet og vannliljene, men litt skeptisk på same tid.  Me ville få fram ei litt mystisk og trolsk stemning der ei tankefull og vakker ung kvinne er litt nysgjerring – og kanskje litt redd for både tjernet og nøkken?

 

 

 

«Ravn»

 

Ravnen er en myte omspunnen fugl. I tillegg til å ha rykte på seg for å være klok, er fuglen også blitt tillagt overnaturlege egenskaper. Ravnen skulle blant annet kunne varsle om ulykker, som krig og død.  Denne historia handlar om ei ung kvinne som veit kva ho vil. Ho er bevisst, avslappa og klok. Gjerne med litt «attitude» – som ravnen sjølv

 

 

 

«Livd»

 

Står for tradisjon. Ringane er inspirert av gamle symbol og magiske vern som skulle beskytte folk, dyr, hus og gjenstander mot alt som var vondt. Me ville skape ein lun stemning i bildene som får fram ein beroligende og trygg atmosfære og som spelar på tradisjon, ro og tryggleik.

 

 

 

Besøk gjerne nettbutikken til Marie her og sjå korleis ho har brukt bildene i fortellinga om produktene sine.

«Livd» – kolleksjonen

«Nøkken» – kolleksjonen

«Ravn» – kolleksjonen