ISTORIA - TENESTER
22954
page-template,page-template-full_width,page-template-full_width-php,page,page-id-22954,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-4.5,fs-menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.5.5,vc_responsive

Prosessen, bildepakkar og prisar

Treng du gode bilder til bruk på nettside,  i nettbutikk, i sosiale medier eller på trykk? Då er du på rette staden!

 

Har du ei bedrift som planlegg å komme på nett? Eller har du kanskje ei bedrift som har nettside, men som ikkje har gode nok bilder? Er du bedriftseigar eller marknadsansvarleg som ikkje synes bedrifta di skil seg ut i mengden? Eller har du kanskje planar om å lage eit magasin der du får vist fram dine produkt eller tenester?

 

Eg er ein fotograf som hjelper bedrifter og merkevarer med skreddarsydde bilder og historiefortelling som styrkar og understreker merkevara sin identitet og personlighet.

 

Om du bur på ein annan kant av landet er eit samarbeid likevel fint mogleg.  Eg nyttar ofte Pinterest til å hente inspirasjon til bildene eg tek. Dersom du har profil her samarbeidar me gjennom ei lukka tavle og lagrar bilder som me brukar som utgangspunkt for prosjektet vårt. Me snakkar saman på telefon (eller møtes om du bur i nærleiken) om kva uttrykk du ynskjer deg og kva du ynskjer å formidle gjennom bildene dine.  

Etter det lagar eg eit moodboard som eg sender deg på mail for godkjenning og innspel, før eg begynner prosessen med å fotografere.

 

Du får sjå bildene i mitt online webgalleri slik at du kan velgje ut bildene du vil ha og til slutt laste dei ned.

 

For å vera heilt sikker på at du blir nøgd med resultatet er eg tett på heile vegen frå idè til ferdig produkt. Eg er superengasjert i det eg jobbar med og ynskjer at bedrifta di skal lukkast med å byggje si merkevare. Du skal vera trygg på at di bedrift får den hjelp og oppfølgjing som er nødvendig gjennom heile prosessen slik at resultatet vert så bra som mogleg.

 

Med opparbeida erfaring og kunnskap om korleis bedrifter sjølv kan fortelje si historie er eg i ferd med å utarbeida eit konsept rundt det super-spennande temaet Historiefortelling.  For at  merkevarer og bedrifter skal nå sitt rette publikum er det viktig å ta kontroll over historia og å formidle den på rett måte.

 

Om du vil ha meir inspirasjon les gjerne meir på bloggen her

01

Hjelp til å finne din stil og få eit Moodboard laga for for di bedrift 

Dette er første del av prosessen når du velgjer Pakke 2 hos Istoria. Om du ikkje har behov for å kjøpe bildepakke, men bare har lyst å få litt hjelp og veiledning med tanke på kva uttrykk og stil du skal skape i bildene dine er dette absolutt det rette for deg.

 

Er du usikker på kva type bilder du skal skape for bedrifta di? Har du lyst å få litt hjelp og veiledning til korleis du skal få  fram ditt uttrykk og din stil slik at du når ditt drømmepublikum?  Eg hjelper deg å utarbeide eit Moodboard – ei inspirasjonstavle  som er tilpassa di bedrift.  Eit hefte du kan ta utgangspunkt i når du skal skape bilder du skal bruke i marknadsføring, på nett, sosiale medier og som du kan ta fram igjen og igjen når du vert usikker på kva uttrykk du skal få fram for å nå ditt rette publikum.

 

Prosessen


 

  1. Telefonsamtale eller møte. Me går gjennom kva mål, visjon, hensikt, fargar, stil, bodskap og verdiar du ønsker å kommunisere for bedrifta di
  2. Pinterest. Oppretting av felles og lukka Pinterest-tavle. Her hentar me inspirasjon til bildene me skal skape.
  3. Kven er di bedrift? Eg brukar litt tid til å sette meg inn i bedrifta di, kva den står for, kva uttrykk og kva stemning me skal få fram.
  4. Moodboard. Eg utarbeidar eit Moodboard, eit inspirasjonshefte, som er tilpassa di bedrift med utgangspunkt i det me snakka om i samtalen og bildene me har lagra på Pinterest.
  5. Oversender deg ditt personlege Moodboard/ inspirasjonshefte som PDF-fil med ulike typar bildesjangrar, inspirasjon og tekst som passar deg og di bedrift og som du kan ta utgangspunkt i når du skal skape bilder til bruk  i marknadsføring, på nett, på sosiale medier og andre plattformer

Pris 


999,-

 

Prisane er oppgitt utan mva

02

Foto til nettsider, nettbutikk, sosiale medier og på trykk 

Treng du forteljande og kreative bilder til nettside, nettbutikk, til bruk i sosiale medier eller på trykk?

 

Du får skreddarsydde bilder satt saman til Visuelle Historiar som gjer at du kan styrke di merkevare, bli huska for ditt særpreg og skille deg ut i mengden. Bildene hjelper deg med å fortelle historia di og formidle stemninga du vil skape hos ditt publikum.

 

 

 

Prosessen:

 

  1. Telefonsamtale eller møte. Me går gjennom kva mål, visjon, hensikt, fargar, stil, bodskap og verdiar du ønsker å kommunisere for bedrifta di
  2. Oppretting av felles og lukka Pinterest-tavle. Her hentar me inspirasjon til bildene me skal skape.
  3. Kven er di bedrift? Eg brukar litt tid til å sette meg inn i bedrifta di, kva den står for, kva uttrykk og kva stemning me skal få fram.
  4. Moodboard. Eg utarbeidar eit Moodboard, eit inspirasjonshefte, som er tilpassa di bedrift med utgangspunkt i det me snakka om i samtalen og bildene me har lagra på Pinterest.
  5. Oversender deg ditt personlege Moodboard/ inspirasjonshefte som PDF-fil for gjennomgang, innspel og godkjenning av uttrykk
  6. Fotografering.  Eg set av 1-2 dagar for fotograferering til prosjektet
  7. Online webgalleri. Eg lastar bildene dine opp til eit online webgalleri slik at du (i ein tidsbestemt periode) kan sjå bildene på din datamaskin når det passar deg
  8. Prosjektet undervegs. Me diskuterer prosjektet på mail eller i samtale.
    Endringar som må bli gjort før ferdig?
  9. Bildene lastes ned frå webgalleri til din datamaskin

Pris 


10 bilder: 6000,-

 

20 bilder: 11200,-

 

30 bilder: 16200,-

 

40 bilder: 20800,-

 

50 bilder: 25000,-

 

 

Prisane er oppgitt utan mva

03

Foto til magasin, reportasje, bøker, hefter, reklame eller andre spennande prosjekt?

Har du behov for bilder til eit større eller mindre prosjekt til bruk på nett eller på trykk? Kanskje du treng gode og forteljande bilder frå ein arbeids- eller skulekvardag eller bilder til eit inspirerande magasin for bedrifta eller butikken din?

 

Pris


Ta kontakt for eit uforpliktande pristilbod på prosjektet ditt.