Min draum er

å gi deg Ei personlig og skreddarsydd oppleving

 
 
IMG_1259.jpg
 

prosessen

 
 
  1. Bli kjend


Telefonsamtale eller møte kor me blir betre kjend.

Du fortel kva behov du har og kva du ser for deg.

Eg høyrer etter og lærer deg og dine behov å kjenne.

Du svarer på spørreskjema som hjelper oss å finne dine historier.

Eg lagar ei arbeidskisse for prosjektet som du kommenterer og godkjenner.

 
 
 

2. workshop


Denne workshoppen handlar om å finne historiene du vil fortelle. Me går gjennom bedrifta sine mål og visjonar, kva stil me skal gå for, kva bodskap me skal formidle og kva verdiar bedrifta di ønsker å kommunisere. Deretter planlegg me innhald, scene, styling, uttrykk og rett historie. Me jobbar ut frå arbeidskissa vår og saman planlegg me alle detaljer for sjølve foto-shooten.

Kor mykje du ønsker å delta i prosessen og i planlegginga er opp til deg. Du kan velgje å være djupt inne i prosessen eller om du bare ønsker å få jobben gjort, kan du overlate det meste av planlegginga til meg.

Fysisk avstand er heller ingen hindring for eit samarbeid.

Me gjennomfører ein effektiv og kreativ workshop på telefon eller gjennom videochat. Det einaste du har behov for er tilgang til mail, telefon, ein datamaskin og eventuelt eit webkamera.

Bur du i nærleiken, møtest me gjerne for ein inspirerende og motiverende workshop i godt lag.

 
Mellomgrønn.jpg
 

 

Skap magi
 
IMG_1685.jpg
 
 

3. STYLING OG FOTOGRAFERING


Det ligg mykje arbeid bak ein foto-shoot. Den rette scenen kor historia skal føregå må skapes og scenen må gis liv.

Det er viktig å finne rett lokasjon og å bruke props (utstyr) som forsterker fortellinga vår.

God styling er avgjerande for den Visuelle Historia di og du kan overlate alle detaljane til meg.

Eg hjelper deg å finne eigna lokasjon, finne modeller og samler alt av utstyr.

Til og med baker eg ei kake dersom det skulle være nødvendig.

Fotograferinga gjer me gjerne saman.

Men bur du på ein annan kant av landet, har du behov for å prioritere andre viktige oppgåver i bedrifta di

eller du rett og slett ikkje er så interessert i å være med,

gjennomfører eg også fotograferinga utan deg.

Du bestemmer, valget er ditt!

 
 
 

4. gjennomsyn og nedlasting


Bildene får du sett og lasta ned gjennom mitt online galleri.

Du får alle bildene som høgoppløyselege filer til bruk på trykk,

samt filer til nettsider, Facebook, Instagram eller andre format du kan har bruk for.

I tillegg får du ein sluttrapport tilpassa di bedrift proppfull med tips og inspirasjon til kor og korleis

du kan bruke bildene dine slik at du kan få maks uttelling for investeringa du nettopp har gjort.

Eg er også tilgjengeleg for hjelp og spørsmål om det er noko du lurer på i ettertid.

 
Mellomgrønn.jpg
 
 

5. bildene, ditt verktøy


Nå har du fått innsikt i eigne historier, samt gode bilder, blir jobben din med å fortelle mykje lettere.

Du har fått eit verktøy for å kommunisere med dine folk.

Bilder som du kan bruke på nettsider, i sosiale medier og på trykk.

Som du ser over er prosessen mogleg å gjennomføre uansett kor du bur.

Held du til i Nord-Rogaland eller bur du på ein annan kant av landet?

Eg hjelper deg med dine Visuelle Historier uansett.

Snipp snapp snute så var problemet ditt ute!

Enklare blir det ikkje,

 
 

 

Skap magi
 
IMG_8753c.jpg
 
Finn inspirasjon

 
 
 
 
La oss skape magi

Ta kontakt

for å skape en magisk historiefortelling om di bedrift