Hei!

 
 

ISTORIA er gresk og betyr ”historie” eller ”fortelling”. Eg falt for dette vakre ordet fordi det alltid er historier eg fortel gjennom kamera mitt - Visuelle Historier.

Eg er Kjersti, ein barne- og familefotograf med base i Sandeid, ei lita bygd på Haugalandet (nord i Rogaland). Her bur eg med Bonden på et lite småbruk saman med alle dyra våre; sauer, griser, kaniner, 2 katter og hunden Teo - ein Welsh Springer Spaniel. Eg er stolt bestemor til ei nydelig lita jente på 1 år - og sjølvsagt Linus, ein sjarmerende Pomeranian, som begge heldigvis ofte er på besøk.

Eg fotograferer mykje både i Etne og i Vindafjord og du er hjartleg velkommen til fotografering hos meg.

Eg gler meg til å bli kjent med dåken.


- Kjersti -
 
 

Litt om min fotostil

Eg er veldig glad i å ta bilder i skogen og mine bilder går ofte mot det litt mørke, stemningsfulle og eventyraktige.

Under ei fotografering prøver eg alltid å få den som er framfor kamera til å tenke på noko anna ved for eksempel å spør barna om dei vil bli med på ein leik, ved å gi dei litt eldre instruksjoner om å bevege seg på bestemte måter eller å tenke på bestemte ting for å få fram ulike følelser hos den som blir fotografert.

For meg handlar fotografering om å kunne fryse tida ein augneblink før verda spring vidare til neste gjeremål. Me gløymer dessverre så fort, men bilder hjelper oss å huske korleis det var - dagen i dag blir snart til morgondagens “gode gamle dagar”. Eg er sjølv mamma til tre vaksne gutar og ser kor fort tida går og kor raskt me gløymer ut dei små og unike eigenskapane til ungane våre. Fortsatt har eg enormt stor glede av alle bildene me har. Det er aldri for seint å forevige minner og gyldne augneblink av ungane dine, av foreldrene dine, av deg og partneren din - eller andre du er glad i.

Det beste eg veit er å formidle følelsar, stemning og fine augneblink gjennom kamera. Eg bryr meg genuint om mennesker og og elskar å bruke kreativiteten min til å skape Visuelle Historier. Mitt mål er at kvar fotografering skal fange personane slik dei er med sine unike uttrykk, fakter, detaljar og eigenart.

I tillegg til å jobbe som fotograf er eg utdanna vernepleier og har ein 60% stilling ved attføringsbedrifta Spira Utvikling i Etne og har lang erfaring med å finne kvar enkelt sine eigenskapar, styrker og kvalitetar.

Om dette treff noko i deg er me kanskje rett for kvarandre? Vil du at eg skal ta bildene dine er det bare å ta kontakt. Eg fangar gjerne dine gyldne augneblink slik at minnene vert levande i mange, mange år framover.

 
 
 
 
 
Her har du meg

FOTOGRAFERING

Eg elskar å skape historier med kamera mitt. Lite gjer meg så glad som når eg har fått eit blinkskot som formidler ein følelse og god stemning. Det er litt som julekvelden!

KAFFE

Ingenting slår lukta av nykokt kaffe om morgonen. Det vekker alle mine sansar og gjer meg klar for dagen.

STRUKTUR

Er heilt nødvendig. Å ha ein plan gir meg tid og kapasitet til å være kreativ, så ikkje tru på myta om at struktur ikkje er for kreative mennesker.

NATUR

Naturen er livet. Den er stille, men aldri heilt i ro. Naturen gjenskapar seg sjølv igjen og igjen. Kvart år, kvar sesong. Årstidene fasinerer meg og Vestlands-naturen er mi ultimate kilde til både ro og energi.

Å LEVE LITT SAKTERE

Eg er opptatt av å ta tida tilbake. Finne dei små øyeblikka og kjenne etter kva som faktisk betyr noko. Det er viktig for meg å være merksam på det som skjer rundt meg og det å leve litt saktere er eit prinsipp eg prøver å få inn i livet mitt så ofte eg kan. Ei haldning til livet og til jobben som hjelper meg å oppnå den rette balansen. Det handlar om å være merksom og å ha ein roligare tilnærming til kvardagen. Det gir TID til sjølve LIVET.

 
 
 
 
bababa.jpg
 
Visuelle Historier

 
 
La oss skape magi
 
 
 

Frys tida og ta vare på dine mest dyrebare minner